07.08.2012

Avisen "Dagen" markedsfører Katolsk hedenskab.

Fra Ivarskrivar.com/
7. august 2012.

På leiarplass i dag talar Dagen varmt for at nordmenn må reise på “Pilgrimstur” til Romersk Katolske Santiago de Compostela i Spania.

“en pilgrimsvandring er en anderledels måte å møte Gud på”.

“men vi tror at for enkelt mennesker er det nødvendig å ta radikale grep for at Guds stemme skal kunne høres”.

Det er ikkje underleg at avisa skriv dette. Etter samanslåinga med Trosbevegelsen sitt organ i Norge “Magazinet”, foravant den Bibel-true og Lutherske profilen frå denne avisa. No skulle alle inviterast til å kome saman til det store kompromisset.

Det kan ikkje vere mangel på kunnskap som gjer avisa Dagen til eit talerør for den Katolske religionen.

Det ligg hundrevis av foto av katolsk tilbeding av beinrestar og hovudskallar på nettet. Her er eit av biletete av “heilage bein” som skal ha “blitt skylla i land” på strendene i Nord-Spania . Paven hevdar dette er ei “heilag hand” av apostelen Jacob.

Det er berre ein ting å sei som slik “kristen” marknadsføring av den katolske heidenskapen. Dei som forsvarar slikt gjer meir skade for evangeliet enn det ikkje-kristne nokon gong vil klare.

Å reise på “pilgrimstur” til Spania for å tilbe beinrestar av ymse slag har aldri hatt noko med kristendom å gjere.

Det er ikkje rart at mange ikkje-kristne held seg for nasene, og seier at folk må halde seg langt unna.

Lurer du på kvifor den kristne trua er i sterk tilbakegang i Norge? Er det framleis kristne leiarar i Norge som talar sant om Roma og Vatikanet?

Skriven av Ivar Fjeld